Ein septemberdag i 1993 fekk eg eit koseleg brev i posten. Det var frå Halldis Moren Vesaas, som eg hadde skrive til tre dagar tidlegare med spørsmål om å få lov til å tonesette - og synge - eit utval av dikta hennar.

Lov fekk eg. Og attpåtil nyttige opplysningar. Andre hadde sett tonar til dikt før oss, men vi fekk stadfest det vi eigentleg visste: Ingen hadde tidlegare sunge og spela inn ein heil CD med hennar dikt.

Vi har tatt med dikt frå fem av dei sju diktsamlingane Halldis Moren Vesaas har skrive: Harpe og dolk (1929), Morgonen (1930), Strender (1933), Lykkelege hender (1936) og I ein annan skog (1955). I tillegg finst eit par dikt som er skrivne etter 1955. Utvalet har vi stått for sjølve - Halldis Moren Vesaas gav oss frie hender.
Og om det ikkje er mogleg å vise alle aspekta ved diktinga hennar på ei CD-plate, vonar vi likevel att litt av mangfaldet kjem til uttrykk.

Halldis Moren Vesaas skriv intenst og kjenslevart om det å leve og om å ha «alt det dei levande eig». Om enkelte dikt har mørke undertonar - smerte, sorg og sakn - står kjærleiksmotivet likevel sentralt: Kjærleik til naturen, til medmenneske og til sjølve livet.

Tonen i «Min unge sang», det aller første diktet i debutsamlinga, følgjer henne i alt ho seinare skriv - den er sjølve føresetnaden for at ho kan skrive som ho gjer. - Til oss, og til generasjonar som kjem, som kjenner tonen igjen.
Veslemøy Solberg
Veslemøy Solberg
Sven Ohrvik
Eivind Aarset
Edvard Askeland
Rune Arnesen
Elin Rosseland
Arne Nøst
Steinar Larsen
Morten Hannisdal
sang
arr./tangentinstr.
gitar
bass
trommer/perkusjon
kor
fløyte og overtonesang
gitar
cello
Produsert av Sven Ohrvik

Lytt til
«Min unge sang»

Tilbake til «utgivelser»