Noko av det som karakteriserer mellomalderballaden som genre, er at den er internordisk. Av mange viser finst det såleis tekstvariantar frå alle eller fleire nordiske land, og nokre er også funne utanfor Norden, særleg på andre sida av Nordsjøen. Mellomalderballaden spring ut av den anglonormanniske (franske) diktinga som vart omsett til norrønt på 1200-talet, frå kong Håkon Håkonssons tid (1217-1263) og framover. Kong Håkon ynskte at den nye, romantiske og høviske diktinga skulle fungere som ein spegel for dei ikkje alltid så velseda hirdmennene sine ved hoffet i Bergen. I følgje nyare balladeforsking oppstod balladegenren i løpet av dei siste tiåra av 1200-talet.

Balladediktinga vart populær og spreidde seg fort, både geografisk og sosialt, og fanst snart i alle nordiske land. Dei tidlegast nedskrivne visene frå munnleg tradisjon er danske (og delvis svenske), fordi den danske renessanseadelen på 1500-talet interesserte seg for eldre dikting, som kunne styrke nasjonal identitet. Den danske adelen skaffa seg naturleg nok oppskrifter både frå dansk og norsk tradisjon, for på 1500-talet var dei to landa i union.

I mellomalderen vart balladane framførte til den tids populærmusikk og saman med den tids instrument. Med instrument frå vår tid tar vi i dette prosjektet sikte på musikalsk modernitet - samstundes som vi ynskjer å vise respekt for kvar ballades originale tekst og melodi. Visetekstane som vi legg fram i «The Strength of the Runes» er gamle - nokre kanskje så gamle som frå 1300-talet. Men melodiane er nedskrivne frå tradisjonen mykje seinare; dei fleste på 1800-talet. Noko av musikken har også blitt komponert spesielt for dette prosjektet.

Olav Solberg
Veslemøy Solberg
Rune Arnesen
Edvard Askeland
Birgit Løkke
Nils Petter Molvær
Sven Ohrvik
Eivind Aarset
Alban Faust
Elin Rosseland
Veslemøy Solberg
sang
trommer
bass
perkusjon
trompet
keyboards
gitarer
sekkepipe, nøkkelharpe
kor, duett
kor
Produsert av Sven Ohrvik

Lytt til
«The Strength of the Runes»

Tilbake til «utgivelser»